Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Leiar:
Menneskerettar?
Skal vi la politimeisteren i Oslo, Ingelin Killen-green, gjera seg sjølv til syndebukk? Er det nokon grunn til at ho skal bera heile børa etter at ei enorm bølgje av raseri skylde over landet da Oslo-politiet tok oppgåva på alvor og arresterte demonstrantliknande personar - i god Willy Haugli-tradisjon? Skal statsministeren, justisministeren eller utanriksministeren sleppe unna med sine tafatte forsøk på å skuve alt ansvaret over på politisjefen i Oslo? Er regjeringa utan skuld? Har vi eit kongeleg råd som med kvitt samvit og reine hender kjempar for ytringsfridom og menneskerettar i land der makthavarane trampar hardt og skånsellaust på grunnleggjande rettar? Er det ytringsfridom og menneskerettar Gro Harlem Brundtland fremjar når ho tek nokre av dei fremste despotane på kloten i handa?
Korleis føregjekk samtalane mellom Brundtland og Jiang Zemin om brot på menneskerettar i Kina? Fortalde statsministeren at vi nordmenn er opptekne av menneskerettar? Svarte den kinesiske presidenten det er vi òg? Repliserte Brundtland det var godt å høyre? Var samtalen om menneskerettar ferdig med dette?
Kva gjorde dei etter småpludringa om demokrati? Studerte dei utsikta frå regjeringsbygget etter at demonstrantane på taket til Venstres Hus var fjerna? Drakk dei vin? Skålte dei? Kanskje i sjampanje? Diskuterte dei næringssamarbeid? Rydda dei veg for fleire kontraktar mellom norske og kinesiske selskap, slik at hardtarbeidande, låglønte, undertrykte kinesiske arbeidarar kan fylle meir pengar i velfylte norske pengeskrin?
Kvifor hadde ikkje statsministeren vår med seg ein delegasjon av menneskerettsaktivistar da ho var på gjesting i Kina? Var det fordi næringslivsleiarar er kjende for å stå i fremste rekkje i kampen for demokrati, menneskerettar og ytringsfridom? Eller hadde kanskje den norske delegasjonen eit heilt anna ærend?
Kva hadde Gro Harlem Brundtland fore da ho i fjor drog med seg eit haleheng av norske næringslivsleiarar til Indonesia for å vitje president Mohammad Soeharto? Skulle ho diskutere menneskerettar med ein despot som står bak ein okkupasjon som Noreg ikkje godkjenner? Skulle ho klappe han på skuldra og seia du må ta litt meir omsyn til borgarane i landet ditt, Mohammad?
Er det blitt lettare for opposisjonen i Indonesia etter at den norske statsministeren var der? Har president Soeharto lempa på tilhøva for austtimoresarane?
Eller er det berre norsk næringsliv som har fått det betre under despotens venger?
Og kva skal vi meine om den verksemda Statoil driv i Nigeria? Har ikkje regjeringa lenger noko ho skal ha sagt i sitt eige selskap?
Er det likevel nokon som synest det er greitt at politimeister Ingelin Killengreen og blodferske politistudentar skal bera ansvaret for norsk offisiell politikk på skuldrene sine?
Eg berre spør, eg!
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|