Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Kommentar:
Når vi skal på museum
Kva krav bør ein stille til eit museum, anna enn at vaktene oppfører seg som folk og svarar på vettuge spørsmål, spør Stephen Walton.
I Leicester fanst det eit stort og fint fylkesmuseum. Det var av den typen allmenmuseum som held på å forsvinne. Det desiderte prakteksemplaret i samlinga for oss som var små, var den utstoppa sjiraffen, som sjølvsagt heitte Georgie, og dammen med kinesiske karper i kjellaren. Dei må ha forkome av tungmetallforgifting, så mykje lommepengar som hamna oppi der. Så var det den elektriske ålen frå Amazonas som ein kunne trykkje på ein knapp og sjå støyten til. Tanken hans var definitivt lukka. Steinane som låg utstilte i dei litt nedstøva kabinetta på geologisk avdeling fór ein som regel snøgt forbi, bortsett frå ametystane som glitra så fint. Da lokka dei utstoppa fuglane, særleg rovfuglane som svevde dramatisk berre få centimeter over eit tydeleg vettskremt, men like utstoppa bytte. Her var heile livskampen. Og den kunne nokre tape, slike som den totalutrydda dronten, didus
ineptus, som til liks med alle andre drontar i posthum fangenskap, vart utstoppa etter eit hollandsk kopparstikk som grovt overdimensjonerte buken, og dermed sannsynleggjorde fuglens sørgjelege kollektive lagnad. Og oppi alt dette her fanst det ei fin samling hestemåleri av aristokratiets yndling, George Stubbs, og jammen fanst det fleire bilete av den kjende, og viktige, austerrikske ekspresjonisten Oskar Kokoschka òg.
Ombygt
No er det mange år sidan eg var på fylkesmuseet i fødestaden min. Det herlege rotet av ting der gjorde tydelegvis eit uutsletteleg inntrykk på mitt unge og mottakelege sinn. Eg veit ikkje korleis det ser ut på fylkesmuseet i Leicester i dag. Sist eg var der, for vel femten år sidan skulle eg tru, var mykje forandra. Huset var for det første bygt om. Den staselege tretrappa opp til fuglegalleriet var borte, dermed også lukta av voks, fordi ho vart polert. Og rotet var stort sett borte. I staden hadde der kome til ei for så vidt og mønstergyldig pedagogisk utstilling med utgangspunkt i den nedlagde skiferdrifta nordvest i fylket. Der hadde ein kopla inn geologien - dei nedstøva steinane med tilhøyrande ametystar var vekke - og soga om jernbanebygginga. Det vart bygt jernbane til skiferbrota, som hjelpte fram drifta, men så kom da også det landsomfattande jernbanenettet som gjorde at dei vakre og uregelmessige
Charnwood-skiferplatene til slutt vart utkonkurrerte av dei tynne, billige walisiske. Så fekk eg òg fortalt om den lokale byggjeskikken som på grunn av denne skifertypen hadde utvikla spesielle typar takkonstruksjonar, og ein fekk med ein dimensjon som hadde vore heilt borte frå det gamle museet, nemleg forteljinga om dei sosiale kåra som arbeidsfolk i distriktet hadde levd under, med utgangspunkt i skifer-brota. Så det var ikkje berre dumt, alt det som følgde i kjølvatnet av ombygginga, og når eg skriv dette, skjøner eg også at eg må ha lært og hugsa ein del frå den nye utstillinga med. Men voks-lukta var altså borte.
Eit verdsleg tempel
Historisk var museet eit tempel, tempelet til musene. Under modernismens kognitive og materielle erobringstokter vart museet til eit sekulært tempel. Der feira imperialismen seg sjølv, og dei mest praktfulle samlingane fanst i dei store imperialistiske sentra, og ikkje på plassar som Leicester eller Oslo. Ein raska saman ting frå alle delar av verda, og stilte dei ut.
Det låg ikkje noka særleg forteljing i dette. Det var snarare ei konstatering av at ein sjølv sat inne med ein sivilisasjon, som gav ein visse rettar og plikter. Retten til å forsyne seg av dei interessante tinga ein fann andre stader, plikta til å gjere eins eigen sivilisasjon tilgjengeleg for dei innfødde, som ikkje var komne så langt. Såleis frigjorde ein dei innfødde ved å ta frå dei kulturgodset deira.
Det var ikkje alle stader i Europa ein hadde ein sivilisasjon å by andre, eller det imperialistiske systemet som var føresetnaden for sivilisasjonen. Ein hadde, eller ein streva mot, ein kultur. Og der, i land som Noreg og Tyskland og Finland, fekk dei sentrale statlege musea eit meir forteljande preg. Dei skulle sanne mytane om nasjonen, og stadfeste forteljingane om vegen frå det opphavet ein støtt lengta etter, og fram til notida.
Etnografisk museum i Helsinki er eit spesielt utsøkt eksempel på denne genren. Men jamvel i slike land var det ikkje alle museum som var nasjonsberande i den forstand. Ein sanka gjerne gjenstandar frå ein landsdel eller eit fylke, og viste dei fram. Dei store forteljingane var det historikarar og framfor alt romanforfattarane som tok seg av.
Avmytologisering
No har den intellektuelle arbeidsdelinga snudd seg. Dei som iallfall ikkje fortel historier lenger, er romanforfattarane. Dei er tvert imot blitt aldri så flinke til å fortelje korfor forteljingane er umogelege, kor vanskeleg det er å vere romanforfattar osb. Akademiseringa av historieskrivinga har sameleis ført til problematiseringar, avmytologiseringar og delstudium, mens tradisjonen med gesamtgeschichte stort sett ser ut til å ha gått i dvale, kanskje med unnatak av nokre amerikanarar. Dei narrative behova til samfunnet vert derimot svært talentfullt røkta av massemedia, framfor alt såpe-operaene i TV, og det skjer ei omfattande mytologisering i den offisielle kunstforma til det postmoderne, nemleg reklamen. Altså: vi lever i ei tid da skrifta har fått i oppdrag å dementere forteljingane, mens vi byggjer nye forteljingar på grunnlag av biletstoff.
Historieforteljar
Museet er ein biletgenre, og såleis har musea på same måten som såpeoperaene og reklamestoffet fått i oppdrag å fortelje historier og lage mytar. Dei er blitt til i vårt kollektive relikvieskrin, eit avgrensa felt i samfunnet der vi heidrar minnet om forfedrane og -mødrene. Samtidig er dei blitt grundig kommersialiserte på bakgrunn av at samfunnet er blitt stadig meir mobilt. Den historia dei fortel skal vere stadbunden, men helst på ein slik måte som er med på å selje staden. Heidringa skal i utgangspunktet vere open for så mange (betalande) som mogeleg.
Rekonstruksjonar
Lengst har denne prosessen naturlegvis gått i USA, der opplevingsmuseet har breidd seg som ein farsott. Her prøver ein å innlemme publikumet i den tida og det opplevingsgrunnlaget museet framstiller. Museet sjølv er da helst ein rekonstruksjon eller ei etterlikning, eit simulakrum, og i høve til konvensjonelle europeiske museum inautentisk. Amerikanarane legg ned enorme ressursar og uhorveleg teknisk dugleik i slike prosjekt. Opplevingsmusea tilset skarar med folk som vert kledde opp i tidsriktige kostymar, talar tidsriktige dialektar osb. Ein stad på Cape Cod kom eg i snakk med ei dame frå Flandern som hadde flytt til den nye verda på 1600-talet etter nokre år i Kent, og ho tala rett, ikkje tvil om det. Men ein annan stad vart eg jaga frå eit 1800-tals advokatkontor etter følgjande samtale:
Eg: Kor lenge har dette eksistert?
Advokaten: Eg kom hit i 1825 frå Boston, og sl...
Eg: Nei, eg meiner kor lenge har dette museet eksistert?
Adv.: Øh, eg kom i 1825 f..
Eg: Kan ikkje du kome deg ut av rolla, og berre fortelje meg...
Og så vart eg lempa ut.
Humanistisk alvor
Ja, kva krav bør ein stille til eit museum, anna enn at vaktene oppfører seg som folk og svarar på vettuge spørsmål? For det første bør dei vere medvetne om at dei bør gi folk tilstrekkeleg med drøv å tyggje på. For å seie dette på ein annan måte, er musea ivaretakarane av det humanistiske alvoret. Såleis har dei eit spesielt ansvar overfor barn, og andre med eit særskilt ope og spørjande sinn. Dei bør levere minst like mange spørsmål som svar, og vere opne i forma. For det andre eksisterer museum for å innlemme utanforståande i ein kultur. Så dei bør vete kor dei kjem frå, det vil seie kva som er spesielt med den fysiske staden dei er på, og korleis han skil seg frå omverda. Framfor alt må det vere god plass, store luftige salar der ånda kan sveve fritt, og ein kan assosiere, forstå og minnast. Ein må ikkje sperre gjestene inne
i den historia museet vil fortelje, eller i små, perspektivlause båsliknande rom. Dei må ha god plass, og bra med luft og lys. Dersom ein har litt flaks, kan det bli voks-lukt lell.
Stephen Walton
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|