Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Herbjørn Sørebø:
I skuggen av eit tårn
Ei tid nå har politiske kommentatorar skrive forpusta artiklar om kor vanskeleg det skal bli for Thorbjørn Jagland å ta over som statsminister etter Gro Harlem Brundtland dersom ho etter eige ønske går av til hausten. Leiarane i opposisjonspartia ser med glede fram til eit skifte fordi dei trur at dei skal bli meir synlege då, men det kan komme til å vise seg at dei tek feil fordi dei undervurdere både den politiske tyngdelova og evnene til han som står på venteliste.
Som så mange før han i politisk historie lever Thorbjørn Jagland sitt politiske liv i skuggen av eit tårn, trass i at han er partileiar. Det er blant hans største politiske fortenester at han har innretta seg etter dette som den fremste støttespelaren, men likevel har greidd å finne seg ein politisk ståstad litt til venstre for statsministeren, det politiske tårnet. Og nå skal vi hugse at ut av slike tårnskuggar har vi sett så mange komme og vekse til tårn. Det var sanneleg ikkje lett for Trygve Bratteli å ta over etter Einar Gerhardsen som partileiar og statsminister. Einar Gerhardsen vart rett nok ikkje landsfader før han var pensjonist, men han ruvde i det politiske landskapet så alle andre kom i skuggen, og han stilte seg jamvel i vegen for etterfølgjaren med ønske om ein annan. Si beste tid hadde Trygve Bratteli som opposisjonsleiar, sjølvskriven som statsminister då tida kom,
og som statsminister voks han til å bli ein statsmann mange i dag reknar som større enn det tårnet som skygde så lenge for han.
Var det vanskeleg å ta over etter Einar Gerhardsen på toppen av Arbeidarpartiet, så var det knapt lettare å setje seg i formannsstolen i Landsorganisasjonen etter den mektige Konrad Nordahl. Dagbøkene hans har gjeve oss eit godt innsyn i kor sterk ein maktposisjon han hadde og korleis han brukte makta si til å kontrollere alt og alle. Korleis skulle det vel gå med ein ny mann her? Dei som var urolege, fekk snart sjå ein Tor Aspengren som svinga hammaren så det vart oppnamnet hans, Tor med hammer'n. Det tok ikkje lang tid før han var eit tårn.
Igrannelandet vårt var mange svært urolege for korleis det skulle gå då Olof Palme tok over etter Tage Erlander, som i motsetnad til Einar Gerhardsen hadde oppnådd å bli landsfader medan han var partileiar og statsminister. Olof Palme var så kvass i språket, terga så mange på seg, og nokon røystesamlar kunne han visst aldri bli, trudde dei urolege. Nå veit vi korleis det gjekk. Han samla partiet, gjorde både unge og eldre oppglødde, vart hata på høgresida, men vart kanskje den mest kjende nordiske politikaren ute i den store verda. I latin-amerikanske land vart han elska så høgt at fattigfolk gav ungane sine namn etter han. Som mordoffer vart han på det næraste eit heilagmenne.
Då Jens Otto Krag uventa melde avgang som dansk statsminister etter å ha vunne folkerøystinga om medlemskap i EF i 1972, peika han på Anker Jørgensen som etterfølgjar både som statsminister og leiar i det sosialidemokratiske partiet. - Kven fan er Anker Jørgensen? spurde nordiske veteran-journalistar med eit mykje brukt sitat av svenskekongens reaksjon då Tage Erlander vart vald til partileiar i si tid. - Vem fan är denne Erlandson? spurde han. Anker Jørgensen kjende ikkje journalistar frå andre nordiske land til. Dagen etter var alle på førenamn med denne kortvoksne, runde og joviale mannen som viste seg å ha sterke meiningar og store kunnskapar.
Mange har visst gløymt det, men Gro Harlem Brundtland vart ikkje tiljubla av alle då ho vart statsminister. I den første tida måtte ho overtyde mange både i partiet og fagrørsla om at ho var den rette. Ho var den første kvinna som nådde heilt til topps i nordisk politikk, og ho voks til eit tårn, men det er frå tårnskuggen fornyinga ein gong må komme.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|