Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Bokmelding:
Treft av meiningslause kyss
Mitt første møte med Arild Dahls forfattarskap fall heldig ut, skriv Halvor Fosli om romanen Hennes meningsløse kyss.
Arild Dahl:
Hennes meningsløse kyss
Gyldendal
Arild Dahl vil ha oss engasjert i livsproblema til ein karriere-økonom som har alt: kjekk kjærast, god jobb, raud Golf, pen kropp og avbalansert sjeleliv.
Det klarer han fint.
Romanen er handlingsfattig, og eg bryr meg ikkje om å gi eit resymé. Det som ber denne boka oppe, er dialogar, monologar og dei essayistiske innslaga om vår tid, vår verden. På alle desse tre områda serverer Dahl overraskande poeng, gode innsikter og stimulerande tankar, formulert i ei ofte eggande språkføring.
Både tematisk og i skrivemåte minner Hennes meningsløse kyss om Dag Solstad. Arild Dahl undersøker vilkåra for å finne meining i Etterkrigs-Norge, han prøver å skildre det ugjennomtrengelege ved den norske idyllen, det urovekkande ved den norske kosen, smertene ved det å leve godt, trygt, velordna. Og han gjer det utan vald og ytre dramatikk, men med stor indre spenning i små, talande detaljar, i og rundt livet til den unge NHH-økonomen Hege Landsverk.
Gjøn
Eit sitat som gir innsyn i tema og skrivestil kan dette vere: Så hva tror hun på? Det er aldri noen som stiller Hege Landsverk det spørsmålet. Men hender det ikke at hun spør seg selv? Å jo. Og hva svarer hun da? Ingenting. At hun ikke tror på noe som helst. Men i så fall, kan man innvende, vil livet fortone seg som meningsløst? Ja, kan Hege Landsverk straks svare, livet er meningsløst. Er det så enkelt? For Hege er det så enkelt.
Sjølvsagt er romanen også eit døme på kunstnarens gjøn med besteborgaren; det er Flauberts herjing med stakkars madame Bovary i ny, oppdatert versjon. Det er på dette punktet fiksjonen kan bryte saman, ved at Dahl legg for mykje undring, lengt, desperasjon inn i ein figur som ikkje truverdig maktar å bere alle dei intrikate livsproblema forfattaren tillegg siviløkonom Hege Landsverk. Men eg er ikkje så firkanta at det forstyrrar meg nemneverdig at ein siviløkonom med alle teikn på borgarleg veltilpassing ikkje også kan sjå avgrunnen opne seg under henne.
Oppgjer
Har boka ein tendens (som det heitte i gamle dagar)? At Hege Landsverk på siste side i romanen gir St. Sunniva-skulpturen ved minnesteinen til Kristkyrkja i Bergen nokre meningsløse kyss, vil eg gjerne overfortolke i retning av at Arild Dahls roman er eit oppgjer med New Age på vegner av Old Age. Slutten, sjølv om han er knapp og open, peikar i retning av omvendingsjangeren. Eit nullpunkt er nådd, den vidare vegen fram er varleg antyda. Denne slutten (og boka elles) har også eit klar litterært forelegg: Trætte Mænd av Arne Garborg (1891). Arild Dahl har skrive om ei trøytt jente og hennar veg mot katolisismen, kanskje som ei bevisst vidareføring, hundre år etter, av Garborgs dekadensefigur Gabriel Gram.
Men uansett: Mitt første møte med Arild Dahls forfattarskap fall i alle fall heldig ut. At eg i denne bokmeldinga har knytt han til Flaubert, Garborg og Solstad seier vel òg sitt, for den merksame lesar.
Halvor Fosli
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|