Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Jorbruk i Asia:
- Bøndene må få att makta
- Den såkalla grøne revolusjonen fører ikkje berre til at artsmangfald og gammal kunnskap går tapt. Den fører også til at kulturar dør ut, seier filippinske Rene Salazar.
ANITA LAND
Rene Salazar er leiar i SEARICE (Southeast Asia Regional Istitute for Community Education). Organisasjonen arbeider for økologisk landbruk og for å få til eit større biologisk mangfald i jordbruket i det søraustre Asia. Dei arbeider saman med lokale bønder pluss at dei driv med lobbyverksemd overfor større internasjonale organisasjonar.
Mangfaldet forsvann
- Kultur og produksjonsmåte heng nøye saman, meiner Salazar. Han ser på moderne jordbruk etter oppskrift frå den grøne revolusjonen som ein trussel mot urbefolkningane og matvaretryggleiken i verda.
- Bøndene er ikkje lenger med på å utvikle ulike produksjonsmetodar og frøsortar, men blir passive mottakarar frå store konsern. Kunnskap som bøndene har bygd opp gjennom generasjonar går tapt og blir erstatta med sårbar uniformering av jordbruket. Eit sårbart jordbruk som er ein trussel mot matvareforsyninga i heile verda, meiner Salazar, som minner om at matvareproduksjonen i verda har stagnert dei siste åra.
Den grøne revolusjonen førte til at mange av rissortane bøndene på Filippinane dyrka, vart borte. Frå tidlegare tider reknar ein med at det fanst 5000 risvariantar på Filippinane. Under den store omlegginga av jordbruket på 70-talet tilrådde styresmaktene berre 30-40 variantar. Dette var risvariantar som gav store avlingar, men kravde sprøytemiddel og mykje gjødsel. Kapitalkrevjande drift førte til at jordbruket vart sentralisert og konsentrert om større bruk. Mange bønder som tidlegare hadde drive små bruk, måtte gje tapt.
Sprøytemiddeltvang
- I risdyrking treng ein ikkje nytte insektmiddel om ein dyrkar bestemte rissortar. Men dei multinasjonale selskapa og Verdsbanken pressar på. Nyttar ein ikkje bestemte frøsortar og sprøytemiddel, får ein ikkje lån, fortel Salazar.
SEARICE ser derfor på Det internasjonale risforskingsinstituttet (IRRI), Verdsbanken og dei store multinasjonale selskapa som sine hovudfiendar. Dei står for ei sentralisering og einsretting i jordbruket som vanlege bønder ikkje er tente med. Denne sentraliseringa av forskinga fører til at bøndene berre blir passive mottakarar og ikkje aktive forskarar slik dei var før, meiner Salazar.
SEARICE har med støtte frå Utviklingsfondet og Norsk Bonde- og Småbrukarlag oppretta Conserve, ein forsøksgard for økologisk risdyrking i Roxas på øya Mindanao. Conserve har registrert og teke vare på 298 risvariantar i Roxas på eit område som ikkje er større enn Østfold fylke. Det internasjonale risforskingsinstituttet, som får 300 millionar dollar pr. år, har registrert 137 risvariantar på heile Filippinane.
Forskinga til dei lokale bøndene får nesten ikkje noko å drive verksemda for. Samstundes er risforskingsinstituttet interessert i å kjøpe frøsamlinga deira. Men ho er ikkje til sals.
- Bøndene må sjølve ta kontroll over forskinga for at dei skal sikre si eiga framtid, meiner Salazar.
Salazar har vore leiar for SEARICE sidan 1987. Han kjem sjølv frå fattige kår og har tidlegare vore aktiv i motstandsrørsla mot diktatoren Ferdinand Marcos.
Makta tilbake til bøndene
Tryggleiken til bøndene er også nær knytt til matvaretryggleiken i verda, meiner Rene Salazar. Kamp for bøndene sine rettar blir altså ein kamp for matvaretryggleik, seier han. Han meiner at kampen må førast av bøndene sjølve. Han nemner tre sentrale punkt: Bøndene må sjølve ha tilgang til produksjonsressursane. Bøndene må sjølve eige jorda. Bøndene må sjølve ta kontroll over forsking og kunnskap.
Gardbrukarane har i tusenvis av år bygd opp kunnskap som dei har brukt. Dei har utvikla frøsortar, kontrollert skadedyr og sjukdomsåtak. No blir dei fortalde at frøsortane dei brukar ikkje er gode nok, og at dei må kjøpe av dei multinasjonale selskapa. Det endar med ei sentralisering av kunnskap der bøndene blir passive mottakarar og ikkje forskarar som før.
- Det gjer noko med korleis folk ser på seg sjølve, med identitet og kultur. Vi vil at ein skal få att respekten for bøndene sitt arbeid, seier Salazar. Han gjer merksam på at bøndene i denne samanhengen ofte er kvinner, som blir framandgjorde i industrilandbruket.
Bonden og mannen hennar
Kvinna er verdas største matvareprodusent. Halvparten av den asiatiske og 80 prosent av den afrikanske maten blir produsert av kvinner.
- Kvinnene er kanskje dei som sit på størst kunnskap om naturen, seier Elin Enge, dagleg leiar for Utviklingsfondet, som støttar SEARICE i Asia, og styreleiar for haustens TV-aksjon.
- I ei verd der 800 millionar menneske lever i absolutt fattigdom bør primærprodusentane spele ei vesentleg rolle. Og primærprodusentane er kvinner. Dei har kunnskap om naturen og samanhengar som går tapt når jordbruket blir sentralisert og industrialisert.
Det handlar om matvare-tryggleik, om primærnæringar der dei lokale bøndene er sentrale. Meir sentrale enn Stortinget har gjeve uttrykk for i debatten om norsk bistandspolitikk, seier Elin Enge.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|