Dag og Tid nr. 22, 30. mai 1996

Redaksjonelt:
Juklerød og Stortinget

For fire månader sia døydde Arnold Juklerød. Da hadde han i nær tretti år kjempa kompromisslaust for den saka som fekk han til å engasjere seg i samfunnsdebatten; den saka som førte til at han vart tvangsinnlagd og stempla som sinnssjuk. I 30 år streid han for å prove at nedlegginga av ein skolekrins i heimkommunen vart gjord i strid med lovverket. Kampen førte til at Juklerød fekk oppleva mangelen på sjølvkritikk i skolebyråkratiet. Han fekk sjå dei verste sidene av norsk psykiatri: Tvangsmedisinering, isolat, brev-, besøks- og utgangsforbod.

I fjor haust stadfesta Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) at nedlegginga av Holtane skolekrets i 1968 var i strid med gjeldande lovverk. Mange meinte at konklusjonen frå KUF var så sterk at han burde vera grunnlag for ei offentleg gransking av både nedleggingssaka og den “behandlinga” Arnold Juklerød fekk av psykiatrien.

Men kva skjer? Ingen verdas ting, sjølvsagt.

Når Erling Folkvord (RV) på Stortinget fremjar eit forslag om offentleg gransking, konkluderer Justiskomteen med at “selv om Juklerød-saken er spesiell, mener komiteen at det ikke er naturlig å anbefale en så ekstraordinær framgangsmåte som nedsettelse av en egen granskingskommisjon vil være.”

Og grunngjevinga er kanskje enda meir hårreisande: “Komiteen viser til at det finnes et stort antall mennesker i Norge som mener seg utsatt for urimelig behandling av offentlige myndigheter, og mener det vil være betenkelig om Stortinget legger opp til en praksis der enkelte slike saker følges opp i form av egne granskingskommisjoner.” I morgon sluttar truleg Stortinget seg til konklusjonane.

Er ikkje komitemedlemmene i stand til å sjå det spesielle i denne saka? Har dei ikkje forstått at heile grunnlaget for saka var eit offentleg lovbrot?

Kanskje vonar medlemmene i Justiskomiteen at bråket kring Juklerød skal gå over av seg sjølv etter kvart, og at heile sakskomplekset skal forsvinne i gløymsle og mørker. Det viser i så fall berre at dei ikkje kan ha sett alvoret i Juklerød-saka.

Justiskomiteen bles ein lang marsj i at vanlege folk, som tek i bruk dei demokratiske rettane sine med sitt eige, “uparlamentariske” og usminka språk, står i fare for å bli utsette for grove overgrep frå styresmaktene fordi dei ikkje kjenner spelereglane til fingerspissane, og fordi dei ikkje har lært seg dei gangbare språkkodane mellom røynde politikarar. Eit slikt fisefint demokrati har ingen andre nytte av enn dei som avviser framlegget frå Folkvord.
Audun Skjervøy  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |