Dag og Tid nr. 16, 18. april 1996
Teater:
Når dramatikken fossar fram
Han hadde ingen ambisjonar, håp eller ønske om å skriva dramatikk.
- Ikkje hadde eg lyst heller, seier Jon Fosse.
Men så vart det snakk om eit honorar på 5000 kroner, og det endra alt.
OTTAR FYLLINGSNES
I dag er Jon Fosse den flittigaste produsenten av ny dramatikk til norske teaterscener. Over ein to-års periode vil fire Fosse-stykke ha premiere på dei største scenene her i landet. To er allereie vist på Den Nationale Scene (DNS). I slutten av april er det klart for ein ny premiere på Det Norske Teatret. Til hausten står Nationaltheatret for tur. Berre svært sjeldan har det vorte vist nynorsk dramatikk der.
Men hardingen gjev seg ikkje med dette. Han har to teaterstykke liggjande. I alle fall eitt av desse er sikra oppføring.
Etter alle premierane her til lands ventar utlandet. Alt no tyder mykje på at Fosse vil nå utover landegrensene med dramatikken sin, men truleg vil det ta nokre år. Fleire av stykka er omsette eller under omsetjing til tysk, fransk og ungarsk. Fosse sin romanar, Melancholia I og Melancholia II, kjem på tysk neste år, men så langt er interessa størst for dramatikken.
Jon Fosse er langt frå sikker på korleis dette vil enda.
- Kanskje er det likevel ikkje så gjæve ting, seier han og speidar utover Bergens Tyskebrygge.
Jon Fosse (37) frå Strandebarm i Hardanger debuterte i 1983. Når dette året er omme, har han gjeve ut 25 bøker, eller om lag to kvart år sidan debuten.
- Fleire av dei er tynne, men nokre av dei er no litt tjukke, seier hardingen med eit skeivt flir.
- All mi kraft - om ikkje all mi tid - går med til skrivinga. Frå 9-10 om morgonen til 14-15 om ettermiddagen. Etter det er eg temmeleg blank, seier forfattaren. Som likar best å skriva romanar i små tronge rom og drama i store rom.
Sidan 1994 har Fosse skrive lite prosa og berre eitt dikt. Det har gått smertefritt å overføra den spesielle Fosse-stilen frå roman til drama.
- Eg greidde å fletta saman noko som eg hadde inne. I den siste diktsamlinga mi la eg inn replikkar i dikta; ein slags stilisert tale. Dessutan tek alle roman-ane mine for seg eit lite tidsrom, dei går føre seg
på få plassar og få personar er involverte. Dei er fortetta og prega av det som kan omtalast som kammerspel.
Dei to uttrykksmåtane gleid veldig lett saman i ein tredje uttrykksmåte - i teaterkunsten.
På alle vis teiknar dette året til å verta eit Fosse-år, med to teaterpremierar og lanseringa av romanen Melancholia II til hausten.
Så langt har året byrja bra. For nokre veker sidan reiste Jon Fosse til Skien for å ta imot Ibsenprisen, som går til nye lovande dramatikarar.
Endeleg ein pris, kunne Jon Fosse seia etter prisutdelinga.
Dei siste åra har han vore nominert og nominert på nytt, tre gonger til Brageprisen og to gonger til Kritikarprisen. I fjor vart han nominert til begge prisane for Melancholia I. Som andre aktuelle, har han i tre år gått og venta og venta på avgjerda, men alltid har andre gått framom.
- Sjølvsagt er det stas å verta nominert, men etter kvart byrja eg rett og slett å kjenna meg som den nominerte, flirer han i dag.
Opp gjennom åra har Jon Fosse helst skrive romanar, men også dikt, essay, forteljingar og barnebøker. Dramatikken har han skrive dei siste åra.
- På slutten av 80-talet vart eg fleire gonger invitert til å skriva dramatikk. Eg sa nei og nei og atter nei, men til slutt vart eg lurt til det. Familien hadde leigd seg eit hus i Nordhordland, og me hadde veldig lite pengar. Blackbox-teateret i Oslo spurde om eg ville levera ein tekst til eit forprosjekt. For det skulle eg få 5000 kroner. Eg hadde svært god bruk for dei 5000 kronene, og slik byrja det. Teksten min gjekk inn i eit gruppearbeid, men gruppa mi tapte i konkurransen. Dermed vart det ikkje noko oppføring på Blackbox. Men oppdraget førte til at eg tvinga meg til å skriva replikkar. Det hadde eg ikkje gjort før. Det viste seg å gå svært bra. Det tok av. Eg likte denne måten å skriva på. Det passa meg veldig godt. Eg kunne skriva eit teaterstykke på relativt kort tid.
Nokon kjem til å komme heiter stykket som får premiere på Det Norske Teatret den 26. april. Det var dette stykket Fosse skreiv - for Blackbox.
- Eg var nøgd med teksten, men var usikker på om stykket var brukande for teater, seier Fosse.
Gong på gong trekkjer fram Kai Johnsen, instruktør ved Den Nationale Scene, som ein av dei gode hjelparane. Johnsen har hatt ein finger med i oppføringa i tre av fire Fosse-stykke. Johnsen fekk tilsendt Nokon kjem til å komme, og han tok kontakt med DNS. Dei var interesserte. Sjølv sende Fosse stykket til Det Norske, og teatersjef Otto Homlung var veldig interessert i å kjøpa det. Sidan har åra gått. Stykket skulle setjast opp i fjor, men teaterstreiken gjorde at det vart teke ut av programmet.
Frå Den Nationale Scene fekk Fosse førespurnad om å skriva eit nytt stykke for teateret. Det takka han ja til. Han skreiv einaktaren Og aldri skal vi skiljast, som vart framført saman med eit stykke av den kjende tyske dramatikaren Botho Strauss. Fosses stykke fekk både gode og mindre gode kritikkar; surt i Dagbladet, positivt mange andre stader.
Med to skrivne stykke, var dramatikaren Jon Fosse i gang. Teatersjef Tom Remlov var rimeleg nøgd med det som vart vist, og Fosse fekk tilbod om å skriva eit nytt stykke for DNS. Det førte til Namnet, vist under festspela i fjor. For dette stykket hausta Foss mykje ros - og Ibsenprisen.
- Du har skrive seks skodespel til saman, og du skriv framleis dramatikk. Er dramatikaren i ferd med å overta for romanforfattaren?
- Det har vorte slik dei siste åra. I tillegg til dei seks skodespela, har eg også skrive mislukka stykke. Skriv du romanar handlar det stort sett om deg og forlaget. I teatersamanheng er det eit heilt anna apparat som skal til. Ein treng gode medhjelparar. For meg har særleg Kai Johnsen og Cecilia Ölvezcky på Det Norske vore nyttige hjelparar.
I desse dagar kjem Nokon kjem til å komme ut i bokform. Heller ikkje denne Fosse-boka er særleg handlingsmetta.
Sjølv har Fosse uttalt at han er oppteken av tilstandar meir enn av forteljingar, og slik er det kanskje her også. I alle fall handlar det om eit par som kjem til eit hus som dei har kjøpt usett i eit aude område. Ein mann, seljaren av huset, dukkar opp, og mellom desse er det ein ordknapp dialog.
Jon Fosse vrir seg når ein bed han å gje ein kort presentasjon av han og ho-personen i teaterstykket.
- Det er veldig vanskeleg. Eg vil ikkje lansera noka bakgrunnshistorie. Det må vera skodespelarane si oppgåve i prøvetida å trengja ned i dei ulike bakgrunnane.
Med mange Fosse-bøker i bakhovudet, og Naustet spesielt, fell det naturleg å sjå sjalusi som tema også i Nokon kjem til å komme. Men Fosse er ikkje vidare entusiastisk.
- Det er det òg! seier han stutt. Han vil ikkje tolka sitt eige stykke.
- Eg ser på teaterstykket meir som ein kunstgjenstand; eit bilete eller eit musikkstykke. Kva det tyder, eller kva som ligg i det, er eg sant å seia ikkje heilt sikker på. Men historia er rimeleg grei.
- Er paret på flukt?
- Dei vil vekk frå alle andre. Dei vil kvila i kvarandre, seier han med eit skrått flir.
- Dei vil vera åleine saman?
- Det er ein av refrengbitane. Stykket er nærmast ein song. Ein scenisk song, seier Fosse.
Han viser til den draumen - eller dagdraumen - om som mange har om å koma seg vekk, om å isolera seg langt borte frå verdas elende.
- Truleg er den dagdraumen sterkast blant folk i urbane miljø. Somme gjer noko med draumen - og somme lukkast, seier dramatikaren. Sjølv har han valt den motsette vegen. Først leigde han seg eit hus på landsbygda, men for ikkje så lenge sidan flytta han inn til Bergen.
Nokon kjem til å komme kan med andre ord tolkast på ulikt vis, meiner Fosse.
- Så langt har eg har vore heldig. Det finst ganske mange tolkingsmåtar innanfor det som eg oppfattar som den rette. Også Nokon kjem til å komme kan spelast på ein utleverande måte ved å framstilla personane som dumme, men eg vil ikkje tru at teateret vel den måten.
- Dei to stykka som er synte fram i Bergen, har vore ei veldig fin oppleving for meg. Dei har vore mine, men samstundes har det ikkje vore meg. Stykka har vorte objektiviserte, og det var ei trygg oppleving.
- Eg innbiller meg at gode teaterstykke er heilt bestemte og samstundes heilt opne. Ibsens beste stykke er bestemte, men dei kan også tolkast på ufatteleg mange måtar. Det er ikkje tolkinga det kjem an på, men heilskapen.
Då Namnet vart vist, kalla somme kritikarar stykket for ein komedie. Stykket handlar om ei gravid jente og ein puslete kar som flyttar heim til familien til jenta. Kommunikasjonen er skral, og det vert mange verbale pausar som kallar på latteren.
- Stykket har i seg ein ufrivillig komikk. Eg skreiv det i fullt alvor, og skodespelarane spelar det i fullt alvor. Men det er ein tragikomedie.
Fosse traktar ikkje etter den kollektive latteren i teateret. Best likar han seg når ein publikummar oppdagar noko som får han til å slå latterdørene opp. Om den eine så vert følgd av ein annan, og så kanskje av fire-fem som ser noko skeivt på scena og brått innser noko. Då er det slik det skal vera. Regissert humor har ikkje hardingen sansen for.
Jon Fosses vogge stod ikkje på teateret, og gitaristen frå Strandebarm henta ikkje ungdommeleg inspirasjon frå det som vart vist på Den Nationale Scene. Hardingen var ingen teaterfrik som ung, men han var innom.
- Det var meir som ein del av eit danningsprosjekt, og eg vart trøytt av det. Før eg heilt slutta å gå i teater, hadde eg ein periode då eg forlet teateret i pausen. No har eg fatta ny interesse og går gjerne i teateret. Etter kvart har eg fått meir peiling både på regi og skodespeleri. Eg kan få noko ut av det som var frykteleg keisamt tidlegare. Eg har byrja å verta teatermenneske, og eg trivst godt i teatermiljøet.
- Du har uttalt at årsaka til at du byrja studera litteraturvitskap, var at du ville forstå Fjernsynsteateret betre?
- Det har eg sagt. Det var ei utsegn som eigna seg godt på trykk, men det var ikkje derfor eg byrja på studiet. Det er no det same kva eg seier. Uansett vert det feil på trykk, seier den tidlegare journalisten i Gula Tidend. Og sparkar etter sine gamle kollegaer.
Til hausten vert det premiere på Barnet på Ibsenfestivalen på Nationaltheatret. I stykket stiller dramatikaren spørsmål til Ibsens Brand.
- Eg har ønskt å skriva eit sjølvstendig stykke som likevel rører ved noko i Brand. Ibsens stykke handlar om barnet som døyr, og det same handlar Barnet om også. Brand handlar om dei største spørsmåla, og det gjer mitt stykke også. Det er ei tydeleggjering; ein annan måte å seia det same som Ibsens Brand. Kanskje inneheld mitt stykke eit forsiktig spørsmål til den store Ibsen, men eg trur ikkje at han ville hatt noko problem med stykket. Ibsen var ein uhyre klok forfattar. Han var mykje klokare enn han visste sjølv. Han er den einaste norske forfattaren som har plassert seg i verdslitteraturen. Men også Ibsen er ganske ujamn. På sitt beste er han djevelsk innsiktsfull, han er nådelaust sjåande.
- Kva er det beste han har skrive?
- Rett nok har eg ikkje lese så mykje av Ibsen, men Hedda Gabler er det beste eg har lese. Brand er bra. Nokre scener er frykteleg gode. Andre verkar meir påklistra. Den nasjonalromantiske Ibsen har eg svært liten sans for. Det vert for tablåaktig.
- Ibsens Brand meinte at kompromiss var av det vonde. Han ville det umogelege. Er det ein slik hovudperson du opererer med i Barnet?
- Nei, det er nett det motsette. Det handlar om to ynkelege personar som ser fram til å få eit barn, men så døyr barnet.
Jon Fosse samanliknar dramaskriving med diktskriving.
- Når du har stykket klart for deg, gjeld det å skriva det ned, før det forsvinn. Når ein treffer med byrjinga, er ein på ein måte ferdig. Då er det berre å skriva, seier Fosse.
Han vedgår at teatera har stroke titlane hans både på Nokon kjem til å komme og Aldri skal vi skiljast - og laga nye.
- Det hadde eg aldri gått med på om det hadde vore prosa, slår han fast.
- Etter at Namnet vart vist, var det somme som peika på det beckettske ved dramatikken din?
- Samuel Beckett er ein av dei forfattarane eg har lese lite av, men det eg har lese, har vore enormt bra. Du må vera idiot for å skriva dramatikk i forlenginga av Beckett. Det går ikkje. Den som prøver på det, er dømd til nedverdigande epigoneri. Eg vil likevel håpa og tru at det som Beckett gjorde, finst i min måte å skriva teatertekstar på.
- Du har sagt at du er meir påverka av utanlandske forfattarar enn av norske
- Det er heilt klart.
- Gjeld dette også dramatikken?
- Eg hadde ikkje den store kjennskapen til teater-teorien. Eg hadde lese nokre greske tragediar, litt av Shakespeare og Tsjekov, pluss litt teori. Samtidsdramatikken hadde eg lita peiling på. Eg kjem nok til å lesa meir dramatikk og teaterteori, men så langt har eg halde att. Det har vore greitt å ha eit barnsleg forhold til dette. Men eg har registrert at den teoridelen som
eg har møtt i litteraturen, også er overført til drama-tikken.
- Det Norske Teatret likar å skryta av at dei gjev plass både for avantgarde og for folkeleg teater. Plasserer du Nokon kjem til å komme nærast avantgarden eller det folkelege?
- Eg ser på meg sjølv som ein kunstnar som prøver å laga oppriktig kunst. Dermed kjem eg nok nærast avantgarden. Men når det er sagt, ligg det ein god del folkeleg teater i det eg har skrive. Instruktøren Kai Johnsen har brukt omgrepet modernistisk folkekomedie om Namnet, og eg skjønar kva han meiner.
- Eg likar ikkje underhaldning og folketeater. Eg vert redd når eg opplever slikt; alt frå opptog på 17. mai til folkekomediar. Eg ser ikkje slikt. Det er rett og slett ekkelt. Men det kunne ha gått an på fjernsyn
- På fjernsyn, men ikkje i teater. Kvifor?
- Nei, eg veit i grunnen ikkje kva som er skilnaden, flirer dramatikaren.
- Du har inga dramatisk fortid som amatørskodespelar?
- Nei, eg har aldri kunna tenkt meg å vera skodespelar
Jaja, det er lenge sidan. Kanskje eg likevel kunne ha tenkt å prøva. I alle fall synest eg det er imponerande det som skodespelarane får til.
- Den påtroppande teatersjefen på Det Norske, Vidar Sandem, etterlyser dei gode historiene, og då skal det vel drypa både av spenning og sentimentalitet?
- I alle år har eg prøvd å skriva gode historier. Drypp av sentimentalitet kan vel finnast i bøkene mine også, men det likar eg ikkje noko særleg. Dramatikaren Lars Norén har karakterisert sentimentaliteten som vondskapen på ferie. Det er usedvanleg godt sagt. Kan det som eg skriv verka rørande, så er det bra, men det bør ikkje vera sentimentalt. Den som prøver å skiva ei god historie, skriv som oftast ei dårleg historie. Ein må ikkje fortelja ei historie. Ein må laga noko som vert opplevd som ei god historie. Tradisjonelt er det sagt at den modernistiske kulturen ikkje fortel ei historie, men det er feil. Alle romanane eg har skrive er modernistiske tekstar som fortel ei historie, slår Jon Fosse fast.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|