Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996
Leiar:
Full gass
Gasskrafttilhengjarane i Arbeidarpartiet køyrer med full gass og vil at partiet skal ta ei avgjerd snarast råd. I denne leiren av tradisjonelle kraftsosialistar har det ikkje ein gong gjort inntrykk at stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl (Ap) har oppmoda partiet innstendig om å setja ned farten i gasskraftsaka. Ho fryktar at gasskraftsaka kan bli ei ny Alta-sak og oppmodar partiet om å vente med handsaminga av dei to gasskraftverka til hausten.
Men nærings- og energiminister Jens Stoltenberg og Ap-leiar Thorbjørn Jagland vil ikkje vera med på dette. Dei skal ha saka gjennom partiapparatet fortast mogeleg, og 18. april kjem landsstyret i Ap til å ha eit standpunkt. Ingen bør bli overraska om Stoltenberg får det som han vil. Eit Ap-vedtak som går mot gasskraft kjem til å vera ein sensasjon.
Alt taler likevel for at gasskraftsosialistane bør setja ned farten og gå grundigare inn i saka. Her er framleis så mykje uklart og så mange hol i argumentasjonen at dei bør nytte dei månadene ekstra som motstandarane krev. Motstandarane har sterke kort på handa:
Det er slett ikkje sikkert at norsk gasskraft kjem til å erstatte elektrisitet frå kolfyrte kraftverk i Norden. Finnane har ikkje gjeve nokon lovnad om å bruke mindre kolkraft om dei får elektrisitet frå norske gasskraftverk, danskane har heller ikkje gjort det, og held fram med å fyre opp varmekraftverk med norsk kol frå Svalbard.
Landa skrik etter meir kraft fordi dei ikkje greier å dekkje opp det veksande forbruket. Finnane har alt planar om fleire kolkraftverk med atskilleg større kapasitet enn dei to norske gasskraftverka. Ingenting tyder på at dei bur seg på å leggje vekk planane til fordel for norsk kraft.
Stoltenberg og kompani har lansert kamp mot kolkraftverk i Norden som den viktigaste grunnen til å byggje norske gasskraftverk og med det seia farvel til norske klimamålsetjingar. Men alle fakta som er lagde på bordet viser at Stoltenberg og hans tilhengjarar argumenterer mot betre vitande - også fordi dei veit at gasskraftverka på Kollsnes og Kårstø ikkje blir dei siste norske gasskraftverka. Eit ja i første runde opnar for nye norske gasskraftverk. Tjeldbergodden på Nordmøre blir garantert neste prosjekt, og seinare kjem kravet om norsk foredling av dei store gassførekomstane lenger nord langs kysten. Berre politikarar er i stand til å hevde at dette fører til reduserte CO2-utslepp i Norden.
Jens Stoltenberg er i ferd med å gjera Noreg til ein pådrivar for ein energipolitikk klimaforskarar i fleire år har åtvara sterkt mot, og han har det diverre altfor travelt med å skrive seg inn i historiebøkene ved å vera mannen som gav full gass da han burde ha brukt bremsene.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|