Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996

Krim:
Pasifist med revolver

Han siktar med revolveren mot taket og golvet. Han siktar på sitt eige hovud, på journalistane og hovudet til presidenten i Rivertonklubben. Pasifisten rundar 70 år, og han er dagens revolvermann.


OTTAR FYLLINGSNES

Sist veke fekk Kolbjørn Hauge Rivertonprisen.

Etter tre kriminalromanar på fem år; “Kufferten”, “Heit juice” og “Død mann i boks” kunne han motta ære, ein gyllen revolvar, ein haug med blomar, pluss 20.000 kroner frå bokklubben “Krim og spenning”.

Kolbjørn Hauge er den tredje nynorskforfattaren som får Rivertonprisen. Før har Idar Lind og Audun Sjøstrand motteke den gylne revolveren.

Skyttaren

I Hauges kriminalromanar førekjem det knapt skytevåpen, men det viser seg fort at militærnektaren har fortid som premiert skyttar i det friviljuge skyttarvesen. Han har til og med vore lokalt styremedlem i det same vesenet. Og den gongen sosialistane var fire representantar i bystyret i Stavanger, og Hauge var ein av dei, hadde halvparten premie frå det friviljuge skyttarvesenet.

- Ingen parti i bystyret kunne oppvisa maken! seier Hauge lurt. Han pakkar ut den gylne revolveren - ein middagslur etter prisutdelinga - og ser med godhug på våpenet.

Revolvermannen stiller opp i James Bond-positur, men i det daglege livet i Stavanger og på Sjernarøy heldt han seg til luftgevær ute i buskane. Heime nøyer han seg med å skyta etter trastene som et opp ripsbæra; dei som skulle ha vorte til god, haugeansk vin.

Kolbjørn Hauge har vunne mange prisar opp gjennom åra. Når han no i pensjonsalderen har gått over til det kriminelle, er det berre ei utviding av spekteret - frå springing og sparking til skribling og spekulering. Frå før er han premiert i fotball, friidrett, orientering, bridge og skyting.

Kanskje vert rogalendingen meir krigersk etter dei 70?

I alle fall vil våpen spela ein meir sentral rolle i den neste boka. Mordvåpenet i roman nummer fire er originalt, men kva det er, vil Hauge ikkje seia noko om. Handlinga i den neste boka er lagt til Ryfylke-miljø, men stadene i boka er fiktive. Det er dei nøydde til å vera, meiner prisvinnaren.

Diskrimineringa

For Kolbjørn Hauge er det naturlegvis personleg tilfredsstillande å vinna Rivertonprisen. Sjølv meiner han at tildelinga er eit slag for nynorsken.

- Det er klart at eg tapar pengar på å skriva på nynorsk, men eg ville ikkje ha lagt om til bokmål; sjølv ikkje om opplaget hadde vorte dobbelt så stort. For meg er det tilfredsstillande å skriva på eit språk som vert sensurert bort. Eg reknar ikkje den kulturelle sensuren som betre enn den politiske. Verdens Gang har til dømes ikkje omtalt ei einaste av bøkene mine. Eg veit ikkje kva som er grunnen, men det skulle ikkje undra meg om det er nynorsken som er årsaka.

- Eg har for lengst gjennomskua den finurlege diskrimineringa mot nynorskbrukarar, seier Hauge. Sjølv opplevde han at boka hans ikkje var å finna i bokhandelen på den store bokmessa på Sjølyst i fjor haust.

- Eg måtte gå til Aschehoug sin stand for å sjå om eg hadde skrive bok. Eller kanskje var romanen berre ein hallusinasjon?

Kolbjørn Hauge nemner også spørjekonkurransen for femteklassingar i fjernsynet. Der enda det med at ein klasse frå ein liten skule i Tysvær vart vinnarar. Dei fekk utdelt fire tekstar. Oppgåva gjekk ut på å identifisera bøker og forfattarar. Det viste seg at alle tekstane var på bokmål.

- Denne forma for finurleg diskriminering er ofte verre enn den som er openberr. Det viser seg at folk ikkje tenkjer på den slags i det heile. Sjølv har eg vorte svært observant på dette etter at eg byrja gje ut romanar på nynorsk.

- Du debuterte 65 år gammal. Skal progresjonen i skrivinga halda fram, rekk du Nobelprisen før du vert 80?


Kolbjørn Hauge flirer av slikt snakk, men dreg ei historie om ein gammal grekar, den gamle Diagoras som vann to prisar i ein olympiade. Seinare fekk han plass på tribunen, og der såg han to av sønene sine vinna prisar. Då ropte ein annan grekar: Større ære enn dette kan ingen få. No kan du berre døy!

Eg vil ikkje samanlikna meg med Diagoras, men eg trur heller ikkje at eg vil forventa meg særleg meir enn dette, seier 69-åringen. Truleg har han fylt 70 når dette vert lese.

- Kanskje er eg den eldste som har vorte medlem i Den norske Forfatterforening? Det veit eg ikkje, men eg er ikkje den eldste vinnaren av Rivertonprisen. Torolf Elster var eitt år eldre, seier Hauge.

Han viser til statuttane for prisen. Der heiter det at forfattarar berre kan få Rivertonprisen ein gong.

- Dermed kan ikkje tidlegare prisvinnarar konkurrera. Prisen må gå til lovande yngre kriminalforfattarar. Eg er svært glad for å ha kome inn i den gjengen, sa Hauge på prisutdelinga.

Hauges aber

På prisutdelinga hadde også forlagsredaktør Kjell Heggelund i Aschehoug ordet. Han viste til det som Kolbjørn Hauge seier når han kjem til Oslo: “Eg har eit aber, og det er at eg ikkje ser ut som ein kriminalforfattar”.

- Men der tek Hauge feil. Kriminalforfattarar er dei snillaste menneske eg veit om, sa Heggelund. Han viste til Hauges titlar “Kofferten” og “Død mann i boks”.

- Ut frå desse titlane skulle ein tru at Hauge reindyrka detektivsjangeren, med dei lukka romma, med koffert og boks, sa Heggelund. Og gledde seg over at ein mann som kom så seint i gang med forfattarkarrieren, har fått til ein slik vekst.

Sjølv avslutta Hauge premieseremonien med ein av sine mange limerickar:

I ei tid då det helst er utidig

å vera fleksibel og smidig
er det eit paradoks
at død mann i boks
kan etast og lesast samtidig.

Påskekrim

Som krimforfattarar flest har Kolbjørn Hauge eit bestemt syn på korleis avslutninga på ein krimroman skal vera.

- Eg har alltid hatt som mål å skriva ein kriminalroman der lesaren er mordaren, seier han med eit rått flir.

I den førre romanen, “Heit juice”, vart mordaren først avslørt i den siste setninga i boka. Så langt har det gått at Hauge har hatt rasande folk på telefonen. Dei har ikkje vorte samde om kven som var mordaren. For ikkje så lenge sidan fekk han innbyding om å koma heim til ein kjend nynorsking i Oslo. Han og kona greidde ikkje å verta samde om kven som var mordaren i “Heit juice”.

I veka før påske slår Hauge til på nytt. Palmelaurdag byrjar han ei kriminalforteljing som skal gå over fem dagar i Stavanger Aftenblad. Problemet er at Aftenbladet skal gje ut avis på påskeaftan, men denne avisa går ikkje til abonnentane. Ho skal seljast i laussal. Difor må Hauge laga to avslutningar. Ein for dei faste abonnentane og ein for dei greier å skaffa seg avisa i laussal. Men han har greidd det!

Grunngjevinga

Juryen for Rivertonprisen var i år Hans H. Skei, Unni Lindell og Sigurd B. Hennum.

Dei omtalar “Død mann i boks” som ein velskriven, tett, detaljrik og språkleg nyansert roman.

- Det er ei bok som du les så fort som du får snudd sidene. Ho er friskt og spennande skriven, av og til med uttrykk som får ein til å humra. Om ein vanskeleg person heiter det at han måtte vera full av tverrved innvortes. Ekte og falske bibelsitat krydrar teksten, og gjer den til dette spesielle som ikkje berre handlar om mord i bygda, men også om mord på målet. Hauge har full kontroll over både historie og verkemiddel. Han veit nøyaktig kvar han skal gå fram mot oppklaringa og avrundinga av boka, slår juryen fast.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |