Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996
Herbjørn Sørebø:
Nå skal det vere tango
Det går ei tango-bølgje over dei europeiske landa nå. Alle skal lære seg å danse denne argentinske dansen som går i 2/4, 4/8 eller 4/4 takt, "det syndigaste av all dans", som ei vestlandsk kristensjel skreiv i eit bygdeblad den gongen det var ordskifte om kva slag dans dei frilynde ungdomslaga skulle tillate. Når mann og kvinne heldt kvarandre så tett så lenge i dei eggjande og sugande rytmane, så var det i seg sjølv usømmeleg, meinte denne mannen. Han tykte det var betre at dei unge hoppa og spratt på dansegolvet og sprang kåtskapen av seg på den måten. Men det var fåfengt å setje forbod mot tangoen i ungdomslaga. Det vart spela tango på astmatiske trekkspel, pusta og pesa og sveitta kinn mot kinn, barm mot barm og hofte mot hofte. Argentinsk tango var det vel ikkje dei unge dansa, men ein nordisk variant, ei blanding av tango og foxtrot, skapt for den svimrande
kjærleiken og den svartaste svartsjuke.
Det er to land tangoen har eit spesielt sterkt tak på, Argentina og Finland. I Argentina, heimlandet til denne dansen, er teksten ofte vel så viktig som melodien. Det er ein bodskap i tekst og tone som skal fram til dei som dansar eller berre høyrer på. I krigstid og opprørske tider har makthavarane sytt for å få sendt tangoar med karakter av folkesongar på ein radiokanal døgnet rundt. Evert Taube gjekk inn i den argentinske tradisjonen med visa om Carmencita som han ville danse tango med. Men det er litt gåtefull korfor tangoen har fått ein så sterk tradisjon i Finland.
Europa tok til å danse tango først ikring 1910, og denne dansen vann seg fort land, men ingen stad i vår del av verda blir det dansa så mykje tango som i Finland. På danserestaurantane Ð som finnane har så mange av Ð kan ein oppleve at bort imot annankvar dans er ein tango, og det er paradenummer for smørsongarane. I Helsingfors har fleire restaurantar fullsett til dans om ettermiddagen kvar dag så lang veka er, og så fort ein tangomelodi fyller lokalet med eggjande rytmar, kan ein sjå kor det svartnar i augo på karane der dei kårar seg ei kvinne over vodkaglaset og går med brusande blod over golvet. Men er det damene som får by opp og vel seg ein annan enn han som har kåra henne, så kan ein nok høyre sagt med finsk tyngd: Ð Perrkele! Og mange har gått frå eit danselokale med eit perrkele på leppene og ein blodraud tangomelodi i sitt indre øyre.
Heller ikkje finnane dansar argentinsk tango til vanleg. Også dei held seg til den nordiske varianten, blandinga av foxtrot og tango, enklare i utføringa, men like kravstor i innlevinga. På våre breiddegradar ser vi den argentinske tangoen mest berre i tevlingar. Men korfor har tangoen fått eit så sterkt tak på finnane? Har det noko med historie å gjere, med folkekarakter og lynne?
Men det er ein danske som har skrive ein av dei mest kjende tangoane i verda. "Tango jalousie" av Jacob Gade er å høyre på ein radiokanal ein eller annan stad i verda kvar dag året rundt. Komponisten var stolt av, men etter kvart også lei av å høyre denne melodien overalt. "Tango jalousie" er klassisk tidlaus og spela inn på plate av dei fremste musikarane i verda. Den mest kjende tangoen er nok likevel "La Paloma", skriven av Sebastien de Iradier for 130 år sidan. Det skal finnast over 2.000 versjonar på plate, og eit plateselskap har planlagt å lage ein cd med alle dei versjonane som er å få tak i. "Tango for to" av Alf Prøysen og Bjarne Amdahl vart ein stor norsk suksess, skriven på spøk, men tango er ingen spøk.
Gjennom 130 år har "La Paloma" vore med i så mange ein hjartestorm og har jamvel på ein dramatisk måte fått plass i ei kongesåge. Då erkehertug av Austerrike og keisar av Mexico, Ferdinand Maximilian, vart førd til rettarstaden, ville han berre høyre "La Paloma", heiter det seg. Han ville ha ein vakker død.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|