Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996

Bokmelding:
Total forvirring

I mange år og gjennom ei rad bøker har Gert Nygårdshaug utvikla, brukt og misbrukt, den halvt geniale, halvt mytiske etterforskar, gourmetkokk og helt, Fredric Drum.


Gert Nygårdshaug:

Kiste nummer fem
Cappelen, 1996

At Drum er i live og kan brukast att i enda ei bok, er bortimot utruleg. Men så er det nettopp det spørsmålet som så å seie blir problematisert i Kiste nummer fem, der KRIPOS-etterforskar Skarphedin Olsen (som vi også kjenner frå før) har vrangførestellingar om å vere (sin eigen bestefar) Fredric Drum. Gjennom dette grepet - med psykoanalytikaren på plass - skaffar Nygårdshaug seg tvilsamt høve til å spele med og mot dei tidlegare sakene Fredric Drum har vore involvert i - i alle fall heilt frå Jegerdukken (1987) av. Forvirra? Javel. Men det er Skarphedin Olsen også, og dei fleste andre. Inkludert, så vidt eg kan forstå, forfattaren bak boka. Dette er ein tour de force meir påtatt enn før hos denne forfattaren, for Nygårdshaug er ofte i stand til å skrive seg gjennom og forbi dei mest usannsynlege intrigane han legg opp til. Men la oss sjå litt nærare på dei innfløkte sakene i Kiste nummer fem:

I ei litt meir fredeleg, men på ingen måte ufarleg fortid, dreiv Fredric Drum sin eigen restaurant i Frognerveien, “Kasserollen,” og hjelpte til med å løyse kryptogram som ingen andre kom noen veg med. Drum hadde ein ekspertise på utruleg mange ting som var aparte, eller som hadde med “Feinschmeckerei” å gjøre. Langt på veg blei han sin eigen parodi, fordi kunnskap og evner var grenselause til det latterlege. I heimlege Drum-historier, til dømes lagt til Østerdalen, kunne lokalkoloritt og detaljkunnskap til og med få det overnaturlege til å bli normalt og rimeleg.

Likevel var Drum utan tvil ein karakter, både som romanfigur og elles(?), om bare forfattaren heldt han noenlunde i sjakk. I Kiste nummer fem er det ikkje gjort, sjølv om det kanskje er forfattaren og Skarphedin som får sleppe til i fri dressur; ikkje Fredric Drum.

I Kiste nummer fem gjør Nygårdshaug ein vri som fører til at vi både har og ikkje har Fredric Drum som etterforskar. Vi både har og ikkje har Fredric Drum som kokk og gourmetrestaurant-eigar.

Det heile startar hos ein psykiater der spesialetterforskaren, Skarphedin Olsen, kjem for å få siste behandling for eit djupt traume som har komme etter at han mista kone og dotter ved eit brutalt drap. Eit anna problem, bortimot uløyseleg skulle ein tru, er at han trur han har vore, eller kanskje er, i slekt med Fredric Drum. Nå veit psykiateren at det finst ein Fredric Drum i levande live, ein ung, heller tjukkfallen, mann - og han har ein enkel, kafeliknande stad i Frognerveien. I alle fall denne Drum er etter alt å dømme i slekt med Skarphedin Olsen.

Etter opningsseansen hos psykiateren skyt forteljinga fart, ting hender, og dei er alle tilsynelatande uforklarlege: Eit lik utan hovud blir funne i eit hundehus på Vinderen, ein politimann er sporlaust borte, før enda ein forsvinn, og eit nytt lik dukkar opp. Skarphedin Olsen må til å tenke, og han tenker så det knakar mellom utsøkte måltid på Oslos beste restaurantar, og gjømmer seg bort på Hotel Continental. Fredric Drum d.y. blir dratt inn i etterforskinga, og slik hender det at Skarphedin set i gang med å skape kafeen i Frognerveien om til ein restaurant som skal heite “Kasserollen” og servere gourmet-mat.

Olsen har ei vanskeleg etterforsking, men han har spor: noen Maya-teikn og eit gammalt eksemplar av Bjørnsons En glad gut. Tolkinga av spora, av dei teikna som skal gi klarsyn og føre til avsløring, er gjort med både skarpsyn og evne til å skape intrige. Det som forvirrar og øydelegg, er det mystifiserande materialet rundt, som til tider kveler heile kriminalgåta. I rekka av dramatiske hendingar under oppklaringa av denne vanskelege saka, forlet vi nesten kriminalromanen og er over i den heilt enkle action-fylte underhaldningsroman. Likevel: den endelege forklaringa på mord og hovudlause lik, er elegant og står til truande, om ein bare klarte å sortere ut alt det andre. “Identitetsproblemet” - kven Fredric Drum og/eller Skarphedin Olsen er, kjem så tilbake med full styrke heilt til slutt, etter alt å dømme som førebuande grep til neste bok.Fredric Drum kunne ha blitt ein spennande gjennomgangsfigur i gode kriminalbøker, om forfattaren ikkje skusla han bort ved i det heile ikkje å leggje band på seg. Så blir Drum og bøkene med han kanskje noe anna, men dette andre må aldri meir bli så forvirrande som i Kiste nummer fem.
Hans H. Skei


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |