Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996
Bokmelding:
Om skyld og uskyld
Under den sterkt poetiske tittelen, Snø som fell på sedertre, har debutanten David Guterson skrive noko så sjeldan som ein velskriven roman av høg litterær kvalitet som også er blitt ein bestseljar. I billegutgåve har boka seld 50.000 eksemplar i veka i USA, og den engelske utgåva har lenge vore å få kjøpt i norske bokhandlar.
David Guterson:
Snow falling on cedars
London: Bloomsbury, 1995
Snow Falling on Cedars er lagt til den oppdikta øya San Piedro lengst mot nord på Stillehavs-kysten av USA, med Seattle som næraste by og grensa mot Canada ikke langt unna. Hovudhandlinga går føre seg i 1954, og alle detaljar i boka verkar å vere pinleg nøyaktige i høve til korleis ting faktisk var då. I stor grad handlar det om mentalitet: Korleis folk tenkte og agerte knappe ti år etter krigen mot Japan i eit øysamfunn der ein stor del av innbyggjarane er japan-amerikanarar. Øyas historie blir fortald i stuttdrag, og vi får detaljert kunnskap om sagbruksindustrien som brukte opp all skogen på øya, om dyrkinga av jordbær (og bringebær) som nå er hovudnæringsveg ved sida av laksefiske med drivgarn. Vi lærer mykje om det å dyrke jordbær, men allermest om båtar og det spesielle fisket som blir drive i nærområda og om korleis fiskarane lever.
All detaljrikdommen gjer at vi har ein tett tekst som heile tida seier noko, slik at mangt og mykje som ikkje direkte betyr noko for hovudhandlinga utgjer den særlege styrken i denne romanen.
Digresjonar
Hovudhandlinga gjeld ei rettssak, og etter kvart som vitna står fram og saka utviklar seg, får vi sjølvsagt også vite forhistoria: det som skal vere eit mord på Karl Heine og som Kabuo Miyamoto nå er skulda for. Digresjonane utgjer i så måte hovudsaka i boka, og rettsaka og sjølve skyldspørsmålet blir underordna alle dei strukturane som gjorde det muleg og rimeleg å mistenke den japanske fiskaren. Eit av grepa som gjer at fortid og notid så lett fell saman er at eigaren, som også er redaktør og einejournalist i lokalavisa på øya, er ein sentralfigur. Gjennom alle ungdomsåra hadde han eit nært og intenst, men uoppfylt og uoppfylleleg, forhold til Hatsue. Når vi så også veit at Hatsue er gift med Kauo Miyamoto og at han er amerikansk krigshelt sjølv om han er japanar, skjønar vi kor tette og kor mange band som knyter folk innafor eit avgrensa øysamfunn samman.
Kva krigsåra måtte kome til å bety med ei slik folkeblanding, kan ein også tenkje seg.
Fortida
Det som har hendt i fortida, før rettssaka, blir fortald som om det ikkje har med nåtidshistoria å gjøre. Lesarane veit at det betyr noe for det som skjer i rettssalen, fordi fortida syner motsetningar og vennskap og kjærleik gjennom oppvekstår fulle av draumar og lengsler som ikkje kan bli røyndom, fordi noen skiljeliner er for absolutte. I det vesle øysamfunnet kjenner alle kvarandre, og er på sett og vis i samme båt. Nåtida finst både som nåtidshendingar rundt drap og rettssak, men òg som summen av felles fortid.
På intrikat vis og med stort meisterskap blir all fortidshandling knytt til hovudhandlinga som sakte viklar seg ut gjennom heile romanen. Vi følgjer rettssaka mot Kabuo, der ikkje minst utspørjinga av vitne som forsvararen, 79-år gamle Nels Gudmundson, gjør, er spennande som det skal vere i ei kriminalbok, som dette også er. Nels er ein av mange i dette øysamfunnet med skandinavisk avstamming, og giktplaga og med fingrane i bukseselane, syner han ein menneskekunnskap og ei romsleg vurdering som blir heilt avgjerande for utfallet av saka.
Meir enn krim
Snow Falling on Cedars er blitt lansert som kriminalroman, og først etter ei tid blei boka oppfatta som noe meir og anna i tillegg til strukturen han låner frå kriminalgenren. Men vi har sjølvsagt ei kriminalhistorie, enkel og rett-fram: Kven tok livet av Karl Heine? - og vi har eit villniss av konfliktar frå gammal og ny tid, fordommar og skjult hat, vonde menneske og gode menneske, uhell og ulykke - alt vove samman til ei overordna forståing av kva livet og verda kan forventast å by på - for ein Karl Heine eller ein Ishmael Chambers, for Hatsue Miyamoto, Nels Gudmundson eller Kven Som Helst. I intense skildringar og ei øy underlagt vinter og snøstorm og krefter større enn menneska og sivilisasjonen dei har bygd, ser vi at dei uframkommelege vegane er lite mot dei stengde vegane mellom menneskesinn, der gammalt nag og agg ikkje skal leggjast bort. Men i forlenginga av ei øy som blir borte i snøkov og storm, får vi også eit anna perspektiv. Vi ser eit vakkert øylandskap under
snømengdene, og vi ser snøen som fell på sedertrea slik han fell over skyldige og uskyldige. Til sist, om ikkje lenge, skal is og snø måtte gje etter for tøvêr, slik vi til slutt i boka opplever at det også i dei innerste kammer av menneskehjartet skal komme dagar da kulde og otte og hat må vike plassen for medmenneskelege omsyn, slik at uskyldige ikkje kan dømmast.
Sjeldant nivå
I djup ettertanke legg ein frå seg denne boka, som også har lært ein så mykje om ting ein ikkje visste det minste om. Ein har i mellomtida snudd sidene fort, for det er spennande fram mot løysinga av kriminalgåta - som vi som lesarar nok har for liten sjanse til å vere med på å finne før heller seint i forteljinga. Men det får stå si prøve, for forteljemåte, språk og haldning i denne boka er på eit nivå som ein sjeldan finn i tekstar som samstundes er så god underhaldning.
Snow Falling on Cedars kjem sjølvsagt på norsk, og det kan godt vere at ein prøver å marknadsføre boka som krim og spenning meir enn noe anna. Men boka er meir noe anna enn krim, sjølv om spenninga finst på fleire plan. God lesing!
Hans H. Skei
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|