Nr. 2, 14. januar 1999

Teater:
Eit stykke stemning

Gunnel Lindblom regisserer teaterstykket "Ein sommars dag" av Jon Fosse med trygg hand, med sikker forståing, sjølv om melodramaet av og til er farleg nær, skriv Asgeir Olden.

Det Norske Teatret:
Ein sommars dag
av Jon Fosse
Regi: Gunnel Lindblom

Den ventande kvinna er både sterk metafor og sterk røyndom. For oss som er vaksne opp i havgapet kanskje mest det siste, men i Ein sommars dag smeltar dei to saman, den evige ventinga og den endelause angsten. Det er ikkje vanskeleg å hugse korleis den eine utløyser den andre, eller korleis dei begge er der samtidig. Den stemninga har Jon Fosse, og ikkje minst regissør Gunnel Lindblom, fanga presist og nøyaktig.

Som så ofte fortel Fosse ei enkel historie om enkle menneske i sitt suggestive språk, i ein sakteflytande dialektikk der kvar setning og kvart synspunkt blir prøvd ut i sitt eige tempo. Ein del av Jon Fosses genialitet som teaterforfattar er at han peikar rett på det viktige, og gjer det enkelt, slik det viktige gjerne er: enkelt.

Den eldre kvinna (Henny Moan) står ved vindauget og ser ut over havet, slik ho har gjort det sidan den gongen. Ho gjenopplever dette brutale tidsskiljet i sitt liv gjennom den unge kvinna ho ein gong var (Ingunn Øyen). Mannen (Hallvard Holmen) dreg på sjøen og kjem aldri att. Kvifor kan vi ikkje vite. I møtet med venninna (Ulrikke Greve/Andrea Bræin Hovig) ser vi henne i angst og forsoning, i uro og kontemplasjon.

Rundt dette byggjer regissør Gunnel Lindblom ei fortetta stemning, der handlinga er markert, men vekta ligg på sinnstilstand og tone. Slik rullar ho ut motsetningspara lengten etter å vere der ein er og ein anna stad, ventinga og behovet for å vere for seg sjølv, angsten og vissa, uroa og freden. Det er gjort med trygg hand, med sikker forståing, sjølv om melodramaet av og til er farleg nær.

Oppsettinga er ein regipres-tasjon, og dei seks på scenen verkar uendeleg trygge på sitt foretak. Ros og ære til kvar enkelt. Etter ei natt rører stykket seg framleis i hovudet. Det er eit godt teikn.

Asgeir Olden