Med diktsamlinga "på øya" har Tormod Haugland vist at han også held høgt nivå innanfor lyrikken.
Tormod Haugland har tidlegare skrive tre korte romanar, alle med underlege og mangetydige titlar som på ein måte prøver å unnvike innhaldet eller peike mot noko anna, ei anna side ved tekstane enn den openberre. Få romantitlar er valde med slik omhu som Tormod Haugland sine. Da undrast ein når tittelen på den første diktsamlinga hans er så eintydig som på øya. Den seier ikkje meir enn det dikta handlar om, barndommen på ei øy og gjensynet i vaksen alder.
Det er lett å kjenne seg i slekt med Hauglands måte å sjå verda og tinga på. Det er også lett å kjenne seg i slekt med den monotonien og den nøkterne lengselen han målber i vekslinga mellom notid og barndom; notidsplanets bilde av forvitring, forfall, oppløysing og forvandling stilt opp mot barndommens stille monotoni i dei små rørslene, det sykliske og repeterande i årstider og arbeidsrutinar, variasjonar og gjentaking i eitt. Han tar fatt i eit tilvære "på grensa til ingenting" samtidig som dette "ingenting" er alt som har verdi, "noko som ikkje let seg seie".
Og vidare "alt som er slutt kjem tilbake du vert ikkje ferdig med det", "det er som alt er like viktig", "ting vert borte men ein gløymer dei aldri". Eg opplever denne såre lengselen som ekte, den har den ekte dikninga sin verdi som utgangspunkt og sluttpunkt, og eg sluttar meg fullt og heilt til eit dikt som dette:
Vi prøver å halde oss vakne
vi vil sjå dette på nytt og på nytt
lyset og mørkret som skiftar
dette vi heile tida prøver å setje ord på
med det same vi let att augene er det borte
orda forsvinn
Hauglands dikt er registrerande og kvardagsnære. Dei kan minne om Olav H. Hauge i linjer som dette: "vi kan skru på lyset / vi kan vatne plantane ete bananen / lese den boka". Og sjølv om alt forsvinn og blir borte, kan det likevel haldast fast i minnet og i minnet si forlenging: språket og diktninga. Det er det det handlar om, og det er dette Tormod Haugland veit. Derfor skriv han vesentlege bøker.
Med på øya har han vist at han også held høgt nivå innanfor lyrikken. Noko anna ville forundra meg etter å ha lese romanane hans.
Oddmund Hagen